Släktforskningssajten Genvägar använder cookies för personlig anpassning, anpassning av vår nätreklam och andra ändamål. Läs mer eller ändra dina cookie-inställningar. Genom att fortsätta använda vår tjänst samtycker du till vår användning av cookies.
G e n v ä g a r

Om Släktforskningssajten Genvägar
Till släktträden
Samarbeta
Stöd
Logga in
Sök
Visning
Index
Personer
Ny person
Importera
Visa släktträd
Redigera person
Redigera relation
Skofte Ogmundsson Giske (1040-1103)
Tord Folesson (990-1030)
Einar Eindrideson Tambarskjelve (982-1050)
Bergljot Håkonsdatter (970-1050)
Ålov Einarsdotter (1000-1031)
Gudrun Tordsdotter på Giske (1025-1095)
Ragnhild Skoftesdatter Giske (1082-1150)
1082--1150 (kvinna)

Född:

1082
Giske, Sunnmøre, Norway



Död:

1150 (68)



Närstående:


Daughter of Skofte Ogmundsson Giske och Gudrun Tordsdotter på Giske
Wife of Åsulv Guttormsen til Rein och Dag Eilifsson, Bratsberg
Mother of Torborg Åsulvsdatter til Rein; Borghild Giske; Vatnorm Dagson; Sigrid Dagsdatter Austraat; Gregorius Dagsson och 2 andra
Sister of Sigrid på Stadheim; Aure-Pål Giske; Tora Skoptisdóttir, Giske; Ogmund Giske; Finn Giske


Ragnhild Skoftesdotter Giske, Ragnhildr Skoptisdóttir

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Ragnhild_Skoftesdotter/utdypning

Ragnhild Skoftesdotter, Fødd før 1103; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende; Dødsår og -stad er ikkje kjende. Høvdinghustru. Foreldre: Lendmann Skofte Ogmundsson (ca. 1040–1103); moras namn er ikkje kjent. Gift med lendmann Dag Eilivsson (sjå NBL1, bd. 3). Sonesons dotter til Torberg Arnesson (død ca. 1050); mor til Gregorius Dagsson (død 1161).

Ragnhild Skoftesdotter er ei av dei mange viktige, men nærast “usynlege” kvinnene i det politiske landskapet på 1100-talet. Som så mange andre kvinner i sagalitteraturen er Ragnhild fyrst og fremst nemnt som dotter, ektefelle og mor til fleire innflytelsesrike stormenn, men historien hennar synleggjer også kvinners makt og innverknad på det politiske livet i mellomalderen.

Ragnhild høyrde til den mektige Giskeætta på Sunnmøre; faren var lendmann på Giske på slutten av 1000-talet. Han var gift med Gudrun Tordsdotter, men det er uvisst om Gudrun var mor til Ragnhild. Ragnhild blir nemleg ikkje nemnt mellom deira felles born, og ho kan såleis ha vore fødd utanfor ekteskap. Denne påstanden blir styrka av opplysningar om at Ragnhild hadde ei syster, Gyda. Denne systera blir aldri kopla til Skofte eller Giskeætta på noko slag måte, anna enn som Ragnhilds syster.

Ragnhild vart gift med Dag Eilivsson, lendmann frå Viken. Dei var truleg busette på garden Bratsberg i Telemark. Sagaene opplyser at Dag hadde 6 born: to gutar, Vatnorm og Gregorius, og fire jenter – Baugeid, Borghild, Sigrid og Gyrid. Ragnhild var nok ikkje mor til alle Dag sine born. Ut frå alderen på den eldste guten, Vatnorm, er det tvilsamt om Ragnhild kan ha vore mora hans. Gregorius var derimot eit felles barn av Ragnhild og Dag, og det er nettopp denne sonen og hans politiske rolle som kastar lys over Ragnhilds posisjon.

Ágrip og Morkinskinna inneheld ei historie, eller “tått”, der m.a. Ragnhild og syster hennar, Gyda, er viktige aktørar. Historia tek utgangspunkt i ein konflikt mellom Gyda og naboen hennar, Geirstein. Etter lengre tids fiendskap vart Geirstein drepen av Gydas arbeidskar, og ho sende han frå garden i all hast for å verne han mot dei to sønene til Geirstein. Dei var nemleg hirdmenn hos kong Sigurd Munn, og dottera til Geirstein var kongen si frille. Mot slike mektige fiendar vende Gyda seg til systera og til systersonen Gregorius med bønn om hjelp. Gregorius ville fyrst ikkje ha noko å gjere med heile saka, og hevda at han ikkje var kar til å sloss mot kong Sigurd. Men Ragnhild pressa på og kravde handling – for å hemne uretten mot frendane deira, og for at Gregorius skulle vise kva han dugde til. Det enda med at ho fekk det som ho ville.

Historia om Gyda, Ragnhild og Gregorius, som elles kan synast lausriven og triviell, har ein heilt klar funksjon i sagaen. Den er ei opptakt til, og ei forklaring på, fiendskapen mellom kong Harald Gilles søner, som braut ut i 1150-åra, og på Gregorius' lojalitet overfor kong Inge. Som andre “eggande” kvinner i sagaene, blir Ragnhild gjort til formidlar av normer og ideal – sosiale forventningar til Gregorius. Samstundes illustrerer historia eit politisk handlingsrom for kvinner som ofte blir underslått i litteraturen. Politikk gjekk ikkje sjeldan føre seg i heimen, på ein arena der Ragnhild og andre kvinner kunne ha stor innverknad på avgjerslene.

Det var ikkje berre Vatnorm og Gregorius i Ragnhilds familie som utmerka seg blant eliten på 1100-talet. Av døtrene vart Borghild gift med Kåre på Austrått, Sigrid med Halldor på Vetteland i Ranrike og Gyrid med Gyrd Åmundesson, fosterbror til kong Inge. Baugeid gjekk i kyrkja si teneste og vart abbedisse for Gimsøy kloster.

Kilder og litteratur

* Fagrskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1932

* HKr., oms. av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bd. 3, 1979

* Morkinskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1902–03

* NFH, bd. 6, 1857/1943

* S. Bagge: “Mann og kvinne i Heimskringla”, i B. Sellevold (red.): Fokus på kvinner i middelalderkilder, Skara 1992

* C. M. Nordal: Kvinner og politikk i borgerkrigstiden, h.oppg. UiB, Bergen 1998

* B. Opheim: Med stønad frå frender og vener. Slektskap og venskap som partidannande faktorer i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, h.oppg. UiB, Bergen 1998

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Ragnhild_Skoftesdotter/utdypning
Barn
Åsulv Eiriksen Jarlsfrende (1190-1260)
Ragnhild Åsulvsdatter (1195-1235)
Sigrid Haftorsdatter (1235-1275)
Elin Toresdatter (1220-)
Olav Hallvardsson Bratt til Tomb (1235-1317)
Elin Olavsdotter til Tomb (1285-1350)
Gjertrud Guttormsdatter (Hudfat) (1315-)
Gunhiel Bergsveinsdatter (1355-1422)
Gjertrud Amundsdatter Bolt (1378-)
Barn

Tipsa någon om detta släktträd via e-post!

Har du ytterligare upplysningar om denna släkt eller synpunkter på denna information? Kontakta då släktforskaren med användarnamn alindquist som gjort släktträdet.

Vill du släktforska själv? Skapa ett eget användarkonto på Släktforskningssajten Genvägar.